tirsdag 29. desember 2009

Jul, jul, strålande jul

HEihei, nå er det ei god beite siden sist eg har skrivd her, men nå kjem ein julepost. Heile familien har vore samla på Dalen, og det er ikkje ofte. Eg har ikkje vore SÅ mykje med familien som eg ville, for eg har jobba på helsesenteret, tilogmed på juleaften. Det var festlig, det var veldig veldig rolig, og temmelig lite å gjere.
Også i kveld skal me ha samling for kristne ungdommer på Dalen her heime. Det blir mykje styr, og difor har me rydda (nesten) heile huset, i alle fall opphaldsromma. Difor tenkte eg å bruke litt av den posten her på å vise korleis eg bur, så her kjem bilete =)



Nå er det litt mindre familie her, kjetil og leif olav har reist til Vrådal (me skal ha nyårsfeiring der med ein del venner, men eg skal jobbe ein del), Anne Kristin og Markus har reist til Kr.sand, så det er meg, Hallvard, mamma og pappa att.

Siste ting, novemberquizzen, som eg har vore alt for sein med å kåre ein vinnar og slik, er (for lengst) ferdig, og Eirin (i klassa mi) hadde 90 poeng! Det er laaaaangt meir enn alle andre som tok quizzen! Eg kan love at det blir Januarquiz, og at premieutdelinga kjem langt tettare på sjølve quizzen =)
Men eg må ha noko mat no, me røast...

tirsdag 24. november 2009

Livets mange sider

Først, eg minner om novemberquiz. Den avslutter om nokre dagar, så om du ikkje har tatt den: gjer det. Det blir premie.

Vel, kva skal eg skrive om no? Jo, LO har kjøpt leilighet i Porsgrunn (eg klarer å se mykje rart, både skien og larvik, men eg klarer aldri heilt å hugse at det er i porsgrunn), og i anledningen tok eg og leif olav ein tur til Ikea.

Long story short, stjernebilen min skulle bli med til skien, men ville ikkje starte! OUH! Anyways, ein full tank bensin, litt kondensfjerner og vips: ting er tilbake i skjønnaste orden.
Og apropos IKEA, det er ufattelig kjedelig å vandre rundt på ikea for lenge. Desverre eit nødvendig onde, og misforstå meg ikkje, eg er for Ikea, men alt med måte.

Ein blir DRITLEI av å montere Ikea-ting. I USA hadde me ei expedit-hylle som romdeler med plastbokser i, og kvar av desse plastboksane var flatpakka. Tok LAAAAANG tid før eg gadd å montere alle.

Men eg kan fortelle om andre ting. For lenge siden meldte eg meg inn i ei kristenside frå USA som heiter "crossdaily". Dei har sendt meg mykje spam siden, men her i går fekk eg plutseleg ein mail frå dei som var litt humor, det var nemlig for ei kristen datingside (!).
Eg som er heilt framand for eit slikt konsept tenkte "jaja, kan lage ein profil og sjå kva som er der inne", og kva oppdager eg? Gjennomsnittsalderen på sida er jo SJUKT høg! Det vrimler av folk som er 70+ der! Ugh, verden er ein rar plass (og eg meldte meg ut like fort som eg meldte meg inn på den sida). Håper ikkje alle slike sider er slik, og om dei er slik ... uff, trasig for dei som kikker rundt på dei.

Men onto something different, me har hatt siste dag med øvingspost nå! Siste dag me skal ha læreren med på å teste ut the do's and don'ts, og jammen innser eg at tida flyr. Ikkje lenge til me skal ut i sjukeheimspraksis og greier!
Vel, nok for nå, snakkes!

mandag 16. november 2009

Novemberquiz!!!!!

Etter mykje press har eg lagd ny quiz. Trekninga blir i slutten av november slik at premieutdelinga er rett i starten av advent. Her har eg prøvd å gjere spørsmåla litt lettere, men er ikkje sikkert eg har klart det.

Også viser eg til den forrige bloggposten, den står fortsatt.

Ein ting til, på facebook har eg ein sånn ting som heiter honestybox. Det gjer at du kan skrive kva som helst til meg, og eg må rive meg i håret fordi eg ALDRI finner ut kven som skreiv det. Ondskapsfullt :-P

I dag meldte eg meg inn i mbentusiasstklubben og reiste på treff. Det var ganske kult å treffe andre bilinterreserte, og mbentusiastklubben er vel mercedesklubben med størst aktivitet i norge.
Også held eg på å ordne song til høgre side, ein julesong denne gongen. Sett den på og ta quizzen da, og hugs å skrive namnet ditt! Elles veit eg ikkje kven premien går til!





Novemberquiz
1) Allright, ny quiz! Det blir premie her og, men fyrst kjem spørsmåla, og det første er: Kva ser eg som mitt livsmål?

Stjernebil med STOR motor, en virkelig "headturner".

Familie, hus, hund, stasjonsvogn (om eg er heldig - stasjonsvogn med stjerne på)

Å bety veldig mykje for veldig mange folk

Blant anna å reise rundt verden. Har ei liste med punkt eg må gjere.

Powered By: QUIZYOURFRIENDS.com


Ps:
Du som skreiv:

Ventar spent på ny spørjeleik (quiz) :-)
Anar du kven som skriv i detta augneblink? ;-)

Innlagt av Anonym til Snaaaakkes - om meg? den 16. november 2009 21:51

-Nope, eg aner ikkje kven du er.
Edit:
Joa, eg veit at du er frå same IP-adresse som då Lone kommenterte, så eg reknar med at du er enten Stian eller Lone (evt nokon andre frå anker st.) Statcounter er ein kjekk ting =)

fredag 13. november 2009

Kva vil du at eg skal gjere for deg?

I dag gjorde eg noko eg hater intenst. Eg handla klede. Kvifor? jo, eg har (hadde - den skal til fretex) ein raud genser av ull og noko greier, som har starta å loe noko gyselig. Det oppdaga eg i dag då den flotte frakken min (kjøpt på verdas største klesbutikk... gufs...) var full av raude lodotter! Ikkje pent!

I alle fall, sjølv om eg hater å handle klede er det nødvendig innimellom, og takk og lov at dressmann er så lite at det går kjempefort =)
Også har eg skaffa TV siden sist. Den skal sørge for mang ein filmkveld, så inviter deg sjølv og ein film, eg er stadig med!

Men nok roting, du lurer kanskje på tittelen?

«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!» - Mark 10:51

Som kristen er Jesus mtt store forbilde, og kva kan vel passe betre då enn å gjere som han? Eg kan ikkje gje folk synet attende, men eg kan gjere mykje anna. To the point:

Du som leser det her har med dette fått ei tjeneste. Du velger sjølv kva det skal vere, så eg spør deg:

Kva vil DU at eg skal gjere for deg?


Skriv ein kommentar med kva du vil eg skal gjere for deg, og eg skal gjere det! (sålenge det er innanfor rimelege grenser)


Også blir det ny quiz, men ikkje heilt enda.

Tenkte å svare på kommentarer her:
Lone: Sjølvsagt skal eg hjelpe deg med å flytte, det hadde eg da gjort uansett! Trenger du tilhenger?
Hallvard: Eg kan ikkje polere bilen din på vinteren, det er bare kjipt, men når været blir varmere kan eg gjere det.
Kristian: Uff, pakka ja. Får legge ved ei overrasking og sende ASAP.

søndag 1. november 2009

November

Først av alt starter eg med oktoberquizen. Det er nok 60 poeng som vinner, men eg veit ikkje kven det er, fordi det er to personer som har 60 poeng. Den eine er Susanne (slapp av, eg veit kven du er), den andre er Liv. Mystisk.

Men nok om det, for eg må skrive litt, det er jo tid for oppdatering. Eg har ikkje tatt bilder, eg liker rett og slett ikkje det lille digitalkameraet mitt, og derfor bruker eg det nesten ikkje. Tragisk, for da blir det færre bilder for dere. Det som skjer framover er at eg skal være barnevakt for Eline fredag og lørdag. Eg gleder meg veldig, og om du har lyst til å være med er det kult =)
Anne Kristin (min søster) kjem til Oslo, og det og blir bra!
(forresten, alle veit at ringnes vørterøl er tingen!)
Men kva har skjedd siden sist er vel heller eit spørsmål? Eg var heime ein tur, i bursdagen til Thomas. Det var veldig morro, men eg hadde forsyne meg eit vørterøluhell (apropos, kom akkurat på at eg har ei kald flaske her, gjett om eg skal drikke den NÅ) som gjorde at eg hadde ein stygg flekk i baksetet mitt. Uansett, den er vaska vekk nå, men bilen min står på bygdøy fram til mandag, fordi eg hjelper Øygunn og Tor med å skifte til vinterdekk. Midt oppi det oppdraget måtte eg hente dekka, og der eg skulle hente dekka var det ein vakthund som var HEILT rabiat! Hunden var liten, sånn puddelstørrelse, men den sprang av all kraft på meg, hoppa opp og løagde masse potemerker på buksa mi. Nok om det, for eg kan ta fasit på quiz (og det blir quiz igjen, men den blir LANGT enklere)

Spørsmål 1: Kva for hund skal eg ha?
Svaret er Berner Sennenhund. Dei er ordentlig bra hunder, og store, for eg vil ha ein stor hund.
Spørsmål 2: Kva for ein av stjernekatastrofene skjedde først, her i rett rekkefølge:
1 kjøre seg fast (og bli dratt ut av Kurt Nødland, det var flaut, for han tok sjølvsagt bilde)
2 stjernebil trur den er traktor
3 vindusviskerstreik
4 hull i bunnpanna
Eg har aldri fortalt om da eg kjørte meg fast før heller, så det veit Kurt Nødland og kameraet (og Jens Emil, som satt på da)

Spørsmål 3: Kva for ein sang har eg hørt på mest?
Det her er vanskelig, for alle sangane er blant topp 10, og den øverste, Bedshaped, har eg ikkje hørt på siden mai. Eg skifter meining ganske ofte, så eg hører på mykje rart, men Keane ER veldig bra!

Spørsmål 4: Kva iriterer mest av desse tinga?
Folk som ikkje blinker i rundkjøringer. Eller folk som generelt ikkje gir tegn i trafikken. Kjipt å forholde seg til. Eg iriterer meg over orddelingsfeil også, slik som det stod på itslearning her om dagen "første hjelp kurs".

Spørsmål 5: Kvifor iriterer eg meg ikkje?
Nokon *kremt* svarte at eg egentlig var kjempeirritert :p Nei, det var vanskelig, for det rette svaret var at ein heller må sjå muligheter, fordi det ikkje nytter, men det er jo delvis rett at det er fordi Jesus ikkje ville gjort det heller. Jesus er jo mitt største forbilde.

Spørsmål 6: Favorittfilmen min?
Gran Torino. Clint Eastwood siller fabelaktig i den filmen, og det er ein bra film også. Den må du sjå!

Spørsmål 7: Kva for dag er bursdagen min?
Det er 5. august. Houdini braut seg ut av vasstanken 6. august.

Spørsmål 8: Kva drikker eg helst?
Typisk nok drikker eg vørterøl når eg skriver det her, men appelsinjuice er favoritten, særlig ferskpressa. I Usa kjøpte me appelsinjuice som var så nydelig at eg aldri har smakt bedre, og den var heilt ferskpressa. Om du lot den stå ein halvtime ville den ha skilt seg.

Spørsmål 9: Kva ville eg utdanna meg til etter sjukepleiar?
Eg blei skremt fra læreryrket, så det er ikkje rett. Arkitekt derimot, for eg har alltid hatt lyst til å tegne hus og sjå dei bli bygd. Prest og siving er ikkje dumme alternativ det heller, så det var eit vanskelig spørsmål.

Spørsmål 10: Kva for ein filmhovedperson ville eg ha vært?
Det spørsmålet her er i alle fall vanskelig, for eg veit nesten ikkje sjølv, og på toppen av det heile er det noko tull med quizzen også. Uansett, svaret er Jason Bourne. James bond har mykje kule hjelpemiddel, men er ganske ille ute uten dei, Jack Bauer har alltid dårlig tid og nokon han kan ringe som hjelper han, men Jason Bourne er rett og slett hardbarka rå!

Vel, nå skal eg køye, klokka er tross alt 3:38

fredag 16. oktober 2009

Trøøøøøtt

I dag er ein slik slapp dag. Har ikkje noko ambisjoner om å gjere noko særlig. Uansett, før eg skriver videre, eg har komt over wulffmorgenthaler. Det er GENIALT!

Det er fortsatt quiz lenger nede i bloggen, og til nå ligger Susanne best an med 60 poeng. Om du ikkje har tatt den, det er fortsatt mulig =)

Så kva skal eg fortelle om nå?
Jo, eg har tatt årets siste båttur før båten er tatt opp. Det var KALDT, men ikkje noko problem, fordi me hadde overlevelsesdrakter, og dei var gode og varme!


Også var eg heime på vinterdekkoppdrag. Det er ikkje så lenge til snøen kjem, og om eg skal komme meg heim da må eg ha vinterdekk. Det som slår ein da er at høsten er ei kul tid, og at det ikkje er bare kult å måtte kjøre LANGT for å komme heim.
(om du går i klassa mi har du automatisk ikkje lov til å kommentere arbeidsstillinga mi på bildet)

Når eg var heime opplevde eg også noko kult, nemlig å vere eit bønnesvar. DET er ikkje ofte eg merker at eg er, men ein god venn var avhengig av å være i Seljord, og plutselig dukker eg opp, egentlig heilt tilfeldig, og skulle forbi seljord! Venner er også veldig bra å ha, og eg er så heldig at det er masse kjentfolk eg er stolt over å kalle venner i Oslo.


Her er bilder fra når kvitsundfolk samla seg, og når Stian, Benjamin og en kamerat av han var på middag.

Vel, denne bloggposten ble fryktelig tørr, så eg avslutter med å fortelle at eg har fått meg dansematte, tilogmed samme som mitt store DDR-idol (Halvor Haugan) har =) Så nå skal eg slå ihjel tid på den, eg har besøk av Leif Olav, min bror, men han er ute og kjem ikkje tilbake på ei beite.
Have fun ;-)

PS.
Holder på å laste opp ny sang til høgre, så hør i veg! Gammal sang, men den er digg!

tirsdag 6. oktober 2009

Oktoberquiz - med premie!

Eg tenkte å ha ein litt ny vri, rett og slett ein quiz. Om meg. Får sjå korleis det går, men det blir premie, og derfor er det viktig at du skriver navnet ditt når du tek quizzen, ellers veit eg jo ikkje kvar premien skal?
Quizzen er ferdig når oktober er ferdig.
Here goes:




Oktoberquiz om Andreas
1) yay, så kult at du vil ta quizen min! For å starte med eit spørsmål: Eg _SKAL_ ha ein hund ein dag. Kva for ein hunderase?

Samojed

Berner Sennen

Leonberger

Afghansk Mynde

Powered By: QUIZYOURFRIENDS.com

Stalkere (følgere)